No har 936 av dei lokale valstyra (82 %) stadfesta at dei er ferdig med å rapportere for deltakinga i kyrkjevalet. Oppteljinga så langt viser at kvar tredje veljar har stemt digitalt.
– For første gang var det mogeleg å førehandsstemme digitalt i kyrkjevalet. Det har gjort valet lett tilgjengeleg for folk.
Det seier Ingrid Vad Nilsen som er kyrkjerådsdirektør i Den norske kyrkja.
272 603 stemte i kyrkjevalet
Den førebelse rapporteringa viser at 272 603 stemte i kyrkjevalet, som gjev ei valdeltaking på 8,9 % av alle med stemmerett. Det er ein nedgang frå 2019 då 386 142 stemte (12,6 %).
Kyrkjevalet er det største medlemsdemokratiet i Noreg. Kyrkjerådet har i oppgåve å legge til rette for gjennomføring av valet, medan dei ulike listene og kandidatane har ansvar for å formidle kva dei står for.
– Vår oppgåve er å leggje til rette for kyrkjevalet, og vi har teke eit langt steg med digital førehandsstemming. Det har gjort det enda enklare å stemme. Resultat gjev er nytting informasjon når vi skal evaluere og vidareutvikle kyrkjevalet. Målet er at alle som vil skal få delta i kyrkjevalet.
Flest stemte i val av sokneråd
I kyrkjevalet i Den norske kyrkja skal det veljast medlemmar til sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet. Som tidlegare kyrkjeval er det fleire som stemmer i soknerådsvalet enn i val av bispedømeråd og Kyrkjemøtet.
254 599 veljarar stemte i val av sokneråd (8,4 %), og i val av bispedømeråd/Kyrkjemøtet stemte 192 158 (6,4 %).
Oversikt per bispedøme
Så langt er Bjørgvin bispedøme er bispedømet med flest veljarar, medan Hamar bispedøme har høgst prosentvis valdeltaking.
| Bispedøme | Tal på veljarar | Valoppslutning | 
| Agder og Telemark | 28443 | 10,49 % | 
| Bjørgvin | 33628 | 8,69 % | 
| Borg | 29795 | 7,39 % | 
| Hamar | 29204 | 11,61 % | 
| Møre | 18784 | 10,92 % | 
| Nidaros | 25960 | 8,80 % | 
| Nord-Hålogaland | 17788 | 11,54 % | 
| Oslo | 24295 | 6,34 % | 
| Stavanger | 25401 | 9,48 % | 
| Sør-Hålogaland | 15644 | 9,88 % | 
| Tunsberg | 23661 | 8,15 % | 
| Totalt heile landet | 272603 | 8,99 % | 
Førebelse tal per 14.09.2023 etter 99 % av sokna har lagt inn tal og 82 % har stadfesta at dei er ferdige med rapportering.
I lenka under kan du laste ned statistikk for valdeltaking på nasjonalt nivå og per bispedøme.
