Bispedømerådet vil ha nytt prosti i Bergen

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer å opprette eit nytt prosti i Bergen. Prostiet skal liggja i «Bergensdalen» og vil dekka nokre av sokna som i dag tilhøyrer domprostiet og Fana prosti. Dette vart vedteke på bispedømerådsmøtet 13. juni 2016.

Ungdomsrådet og bispedømerådet hadde sitt årlege treff på bispedømerådsmøtet 13. juni.

Namn og endelege grenser for prostiet er ikkje klart enno, men det desse sokna blir i alle fall med: Løvstakksiden, Årstad, Fridalen, Landås, Slettebakken, Birkeland, Storetveit og Bønes.

Det er departementet som gjer vedtak om endringar av prostigrenser og namn, etter søknad frå bispedømerådet.

Bispedømerådet fekk vidare ein munnleg statusrapport frå arbeidet i eit partssamansett utval med å spara pengar i bispedømet. 

Utval

Diakoniutvalet i Bjørgvin har fått nytt mandat. Utvalet er eit fagleg organ som skal vera ein fagleg ressurs og drøftingsorgan for bispedømerådet og diakonirådgjevaren i bispedømet.

Diakoniutvalet vart oppnemnt med desse medlemene: Gurid Kaland Sværen, kyrkjeverje, Rita Eldholm, diakon,  Jorunn Bakke Nydal, musikkterapeut, Trygve Stabrun, bymisjonsprest, Hildur Løkken Lillestøl, kateket og Lisbeth Sunde, frivillig.

Utval for utviklingshemma fekk også revidert mandat. Dei skal mellom anna arbeida for at alle kyrkjelydar tenkjer på unviversell utforming og gudstenester for alle, at «Bli kjent i kyrkja-kurs» og andre opplegg blir kjent og brukt og at kunnskap om «Rett til tru» blir fremja blant dei som arbeider med funksjonshemma.

Utvalet vart oppnemnt med følgjande medlemer: Kari Elster Moen, leiar for NFU Bergen og mor til funksjonshemma barn, Linda Bårdsen, diakon, Jostein Bildøy, sjølvstendig næringsdrivande, Leif Arne Økland, kyrkjeverje, Reidun Mangersnes Moen, spesialpedag og leiar for tilrettelagt skuletilbod, Kristin Buhaug, lege og mor til funksjonshemma barn.

Eit nytt pilegrimsutval er oppnemnt. Dette er eit nytt utval, men ein har i fleire år hatt ei gruppe pilegrimsprestar som også dannar kjernen i dette utvalet.  Utvalet skal arbeide for auka interesse for pilegrimsarbeid og vere ein møtestad og ei ressursgruppe for dei med interesse og engasjement for pilegrimsarbeid.

Pilegrimsutvalet har følgjande medlemer: Svein Arne Theodorsen, prost, Arne Sveinung Nataas, sokneprest, Oddvar Skre, lokalhistorikar/pilegrim, Kari Leine Balog, sokneprest, Berit Andersen, pensjonert domprost, Inger Helene Nordeide, bispedømerådsleiar.

Møte med ungdomsrådet

Bispedømerådet møter årleg ungdomsrådet, og den siste delen av møtet vart sett av til eit slikt møte der Ungdomsrådet fekk presentert dei viktigaste sakene frå Ungdomstinget.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"