Biskopens mottaking 15. januar

Biskop Ragnhild inviterte til nyttårsmottaking torsdag 15. januar i Bergen domkirke. Her kan du sjå opptak frå programmet og lesa nokre av talane.

Publisert:

Frå biskopens mottaking.
Frå biskopens mottaking.

Biskopen sin nyttårstale

Biskop Ragnhild sin nyttårstale starta i den uroleg verda og spørsmålet: – Korleis kan vi møte denne tida?

–Vi må setje mot i kvarandre.  Vi må leite fram det mellom oss som skaper fred og miskunn. Vi må, slik Nordahl Grieg skriv i eit dikt frå 30-åra, finne fram til det mot som er barmhjertighet. Verda ropar etter barmhjertighet, etter miskunn, sa biskopen, som meiner at det er lagt ned i menneska å redde livet til sitt medmenneske.

Eksistensiell beredskap

– Det kyrkja tilbyd i sitt nærvær i samfunnet er ein praksis, ein veremåte som trener oss i å vere lydhøre - gjennom det rituelle, gjennom bøner, ved å høyre gamle tekstar om visdom som blir nye i vår tid, det er salmane vi syng og rørslene vi gjer – alt det kyrkja tilbyd oss til å gjere saman, det som gjev oss eksistensiell beredskap. Denne livshaldninga, denne lydhørheten, meiner sosiologen Harmut Rosa er ei motvekt til det han kallar aggresjonssamfunnet når han seier: “Demokratiet behøver et lydhørt hjerte, ellers fungerer det ikke.”

Rosa hevdar at kyrkja framfor alt er den institusjonen mellom oss som medverka til dette.

Konkret meiner biskopen kyrkja fyller denne rolla bl.a. ved å vitne om miskunn og solidaritet med andre menneske: – Når evangeliet om Jesus blir forkynt med ord, med diakoni, med kunsten og musikken, og i handlingar som er tydelege langt utanfor kyrkjemurane, til dømes klokkeringinga for Gaza i sommar, der ein ringde for sivilbefolkninga, for gislane som framleis sat fanga, for alle dei som har opplevd død og vondskap, som har mista hus og heimar og familie, og som framleis lid på måtar vi ikkje ein gong kan forestille oss.

– Fred er hardt arbeid. Fred kjem ikkje av seg sjølv, og den har noko med seg som forpliktar for at vi kan tru på den, sa biskopen som siterte Paulus sitt brev til Filipparane:

Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, det som er god livsførsel og som fortener ros, legg vinn på det!

Sjå heile talen i videoen over (talen startar ca. 22 min. inn i videoen), eller les manus som ligg som lenke lengst nede på denne sida. 

NRK-journalist utfordra kyrkja

Håvard Nyhus ved lesepulten i Bergen domkirkeBiskopen hadde i år utfordra politisk journalist i NRK, Håvard Nyhus, om å seia noko om utfordringa til Den norske kyrkja, sett frå sin synsstad.

Nyhus har notert seg at han har mange hundre tusen lesarar når han har skrive saker som kjem i berøring med spørsmål av teologisk og åndeleg art. Dette tolkar han som at folk tørstar etter å bli snakka til som heile menneske, med ei sjel. Sjølv om folk ikkje går i kyrkja, er dei opptekne av åndelege spørsmål.  – Dei vil høyra frå dei som byggjer ein himling over tilveret, og dei vil delta i samtalar om tru og tvil, sa journalisten.

Han viste til Midt Austen-eksperten Marte Heian-Engdal som det siste året har gått i kyrkja for å finna ut meir om den og Bibelen. – Ho går i kyrkja med ei forventning om at den skal utfordra henne. Tenk på det, sa Nyhus.

Relevant når du gjer det du gjer best

Han oppfordrar kyrkja til å ta meir plass i det offentlege rommet. – Ver frimodige, men ikkje for ein kvar pris, sa journalisten frå Førde før han kom med nokre konkrete råd som starta med å ikkje strekka seg for å bli med i samfunnsdebatten for ein kvar pris. – Relevans er ikkje noko du jagar. Relevant er noko du er når du gjer det du gjer best. I kyrkja handlar denne «spisskompetansen» om tre ting:

  • Å bruka eit språk og eit arvesølv som er lada med meining og håp og som eig ein sølvblank patina som den berre kan få av å vera brukt i mange århundre.
  • Det praktiske diakonale arbeidet
  • Å helga det kvardagslege, ikkje å kvardagsleggjera det heilage.

– Då er kyrkja radikal og relevant, sa Håvard Nyhus.

Program for mottakinga

Songarar frå Collegium Vocale med dirigent Knut Christian Janson

Helsingar frå bispedømerådsleiar Dag Sele og leiar av Bjørgvin bispedøme sitt ungdomsutval, Jannike Johannesen. (sjå video over)

Politisk reporter i NRK, Håvard Nyhus om utfordringsbildet for Den norske kyrkja (sjå lenke til manus nedst på sida og sjå video over)

Biskop Ragnhild sitt nyttårsføredrag (sjå lenke til manus nedst på sida og video over)

kantor Karstein Askeland på orgel.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"