Openberringstida er tida mellom jul og fastetida og blir rekna som den særlege misjonstida i kyrkjeåret. Samarbeid menighet og misjon (SMM) har laga ei verktøykasse med byggeklossar for gudstenestearbeidet i openberringstida.
Ressursane er laga for å kunne brukast rett inn i dei vanlege gudstenestane, slik at dei får eit misjonspreg.
– Openberringstida i kyrkjeåret er knytt til tekstar som syner ulike sider ved Jesus. I vår kyrkje er det blitt vanleg å knytte denne tida spesielt til temaet misjon, seier Due, som vonar kyrkelydane vil sette pris på opplegget.
Det er laga eigne opplegg for Kristi openberringsdag, 2. søndag i openberringstida 2018, 3. søndag i openberringstida 2018 og Kristi forklarelsesdag 2018.
– Bruk openberringstida til å sette fokus på den misjonsavtalen kyrkjelyden har, eller det landet, søsterkyrkja og misjonsprosjektet de samarbeider med. Ta gjerne kontakt med den SMM-organisasjonen de samarbeider med, oppmodar misjonsrådgivar Ole Kristian Nordmark Due i Møre bispedøme.
NYTTE: – Vi vonar verktøykassa for misjonsgudstenester i openberringstida blir ein nyttig ressurs for mange kyrkjelydar, seier misjonsrådgivar Ole Kristian Nordmark Due i Møre bispedøme. Han har vore sentral i arbeidet med å utvikle ressursen.
LES MEIR:
Tips til gudstenester med misjonspreg i openberringstida