Eg er student ved MF Vitenskapelig høgskole og etter planen ferdig utdanna prest neste sommar. Eg har meldt meg til Møre bispedømme for stiftspraksis våren 2027. Og fekk melding om at kurset Veien til vigsla teneste i år skulle vere i Tromsø for dei fire nordligaste bispedømma.
Det har vore tre fine og intense dagar i møte med mange fine tilsette frå kvart bispedømme - og komande medarbeidarar frå omtrent hele landet vårt frå alle profesjonar som blir vigsla i Den norske kyrkja – kateket, diakon, kantor og prest. Vi har vore saman i fleire av dei vakre kyrkjeromma i Tromsø – til morgonbøn, middagsbøn og kveldsbøn. Der har vi fått bidra med tekstlesing, bøner og meditasjon og slik blitt kjent med kvarandre som komande kolleger.
Biskop Herborg frå Nidaros har leia oss på pilegrimsvandring gjennom naturen og innom både kyrkjer og museum. Der fekk vi lære om konsekvensane av fornorskingsprosessen som blei gjennomført mot våre kvenske og samiske minoritetsgrupper for nokre tiår tilbake i tid. Og om kor viktig det er at vi som går inn i teneste i Den norske kyrkja har eit blikk for forsoning ved å ta deira språk og kultur på alvor og flette det inn der det er naturlig når vi møter menneske i sorg og glede til seremoniar og gudstenester.
Vi har blitt utfordra til å reflektere over mange ulike tema; som kallet vi skal inn i, kor viktig det er å tenkje beredskap og samarbeid i kriser – og samstundes vere var for eigen og andre sin sårbarhet og lage strategiar for å ivareta og forebygge kriser. Vi har jobba i bispedømmevise-grupper. Kort sagt – vi har fått gå fleire skritt saman for å bli rusta for teneste i kyrkja vår.
Takk for gode og inspirerande dagar! Dei har sett gode spor!
Tromsø i juni er dessuten svært vakkert - men midnattssola fekk vi ikkje sjå denne gongen.
Tekst: Lillian Dombestein
