3. Kriseleiing lokalt og på bispedømenivå

Kriseleiing lokalt og på bispedømenivå

Ei oppskalering frå normal drift til krisehandtering ved alvorlege hendingar skjer ved at kriseleiinga på lokalt nivå eller på bispedømenivå samlast og «set krisestab». I kvart prosti skal det vere etablert ei kriseleiing, leia av prosten. Store fellesråd kan organisere eigen kriseleiing med kyrkjeverja som fast medlem og der prosten sjølv er med eller der soknepresten deltek i prosten sin stad.

På bispedømeplan er det stiftsdirektør/biskop som har ansvar for å kalle saman kriseleiinga der biskop, stiftsdirektør, avdelingsleiar personalavdelinga samt kontorleiar er faste medlemmer.

Melding om at det har skjedd ei alvorleg hending eller at der er ein trusselsituasjon kan komme frå ulikt hald og gå via fleire tilsette før det når fram til ein av dei nemnde leiarane. Derfor må alle tilsette kjenne til kven som sit i kriseleiinga der dei arbeider.

LRS-presten som er ein del av politiet sin kriseberedskap, kan vere den som får kjennskap til den alvorlege hendinga først. Politiet kan også ringe prost, lokal prest – eller kyrkjelydskontor. Men det er også andre tilsette som kan «få hendinga i fanget»:

  1. Ein beredskapsprest som ser at hendinga han/ho er utkalla til å handtere krev fleire folk/ekstra mannskap.
  2. Ein kateket eller trusopplærar på konfirmantleir der det skjer ei alvorlig
  3. Ein tilsett eller frivillig i kyrkja som opplever ei alvorleg hending i samband med eit kyrkjeleg arrangement – der omfanget tilseier at det bør settast krisestab.

Organisering av kriseleiing og rutinar for handtering av «alvorlig hending» skal vere kjent av tilsette og frivillige leiarar i kyrkja lokalt og på bispedømeplan – og skal gjennomgåast årleg i stabsmøte. Vedlagt mal for «Rutinar for å sette krisestab» kan brukast som grunnlag – men tilpassast lokale forhold. Det er avgjerande at dei som er med i kriseleiinga er førebudd på at ei innkalling kan komme, og at dei kjenner rutinene for å stadfeste innkalling.

Ein gong for året bør staben gjennomføre ei øving der ein tek utgangspunkt i ei tenkt hending og øver seg på å bruke «Rutinar for å sette krisestab». Dei faste medlemmene av krisestaben bør møtast kvart halvår for å gå igjennom rutinar og øve med utgangspunkt i ei tenkt hending eller case.

 

RUTINE

Sette krisestab i prosti/fellesråd

I.                    Prost kallar inn kriseleiinga og set krisestab. I prosten sin stad kan sokneprest eller kyrkjeverje sette krisestab. Kriseleiinga ryddar unna andre gjeremål for å konsentrere seg om den aktuelle hendinga.

II.                  Vurder i fellesskap kven andre som bør vere ein del av krisestaben ut frå hendinga og utvikling av krisesituasjonen.

III.                Etabler kontakt med politi/kriseteam/LRS-prest, og gi beskjed om at de har sett krisestab. Skaff oversikt over viktige behov.

IV.               Vurder kva DnK lokalt kan tilby i form av personell til å møte menneska som er ramma, open kyrkje, evnt. andre samlingslokale.

V.                 Vurder behov for å gå ut med informasjon i media. Avklar med LRS-prest/politi dersom ein er i tvil.

VI.               Ivareta eigne tilsette.

VII.             Juster tiltak etter utvikling og i dialog med politi/kriseteam/LRS-prest.

1

Faste medlemmer

Prost Kyrkjeverje

Aktuell sokneprest

Kontorleiar/merkantil medarbeidar

 

2

 

Andre aktuelle medlemmer

Diakon Kateket Kyrkjetenar

Andre?

3

Skaff oversikt over behov

Ta kontakt med politi, kriseteam eller LRS-prest for å få meir informasjon om den alvorlege hendinga – og for å

formidle at de har sett krisestab

4

Vurder kva DnK

lokalt kan tilby

Ver nøktern i forhold til kva de kan tilby i form av

personell, lokaler og samlingar av typen «åpen kyrkje».

 

5

 

Viktige kontakter

Politiets operasjonssentral : Ring 02800

Leiar i kommunalt kriseteam: (namn, kontaktinfo) LRS prest Karl Johan Bjørge mb: 92423862

LRS prest Kari Vatne mb: 9206538

 

6

 

Mal for innkalling

Innkalling kan skje på SMS eller ved oppringing. Eksempel på tekst i SMS:

Alvorlig hending. Det vert kalla inn til møte i kriseleiinga i prosti/fellesråd i dag (dato) kl. (tidspunkt). Møtet vert halde (på teams) (eventuelt møtestad – kontor/kyrkje etc.). Stadfest at du har fått denne meldinga og om du

kan delta i møtet. Gi svar til (namn og mobilnummer).

 

Ressurspersoner

             
Prosti: Fellesråd Prost:   LRS-prest:   Fellesråd:  
Nordre Sunnmøre              
               
               
               
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"