Er du engasjert i barn og ungdom og synest det er viktig å formidle den kristne trua til nye generasjonar? Vil du vere med å utvikle barne- og ungdomsarbeidet og bygge kyrkjelyd?
Herøy kyrkjelege fellesråd ønsker ein medarbeidar som kan vere med å vidareutvikle dei tiltaka vi har og som kan sjå potensialet og dei moglegheitene den flotte arbeidskyrkja med ungdomsavdeling, gymsal og amfi gjev oss. Du vil få moglegheit til å forme innhaldet i stillinga. Høyrest dette spanande ut og har du lyst å arbeide i ein kommune som er nabo til Sunnmørsalpane – då håper vi at nettopp du søkjer på stillinga som kateket hjå oss.
Les meir om stillinga ved å trykke på denne lenka