Les meir om stillinga på denne lenka
Avdelingsleiaren skal vere med på å utvikle Møre bispedøme. Bispedømet treng ein klok og erfaren leiar med brei kyrkjefagleg kompetanse. Leiar lyt ha kjennskap og kunnskap til kyrkjeleg organisering, til dei kyrkjefaglege områda, til prestetenesta og til arbeidet i kyrkjelydane. Avdelingsleiar kyrkjefag er del av bispedømet si leiargruppe.
Kyrkjefagavdelinga arbeider dynamisk og tverrfagleg. Leiar har ansvar for gjennomføring av interne møter i avdeling og har delansvar for gjennomføring av andre interne møter. Leiar gjennomfører medarbeidarsamtalar, har godkjennerstatus, budsjettansvar og er næraste leiar for tilsette i avdelinga.
Noko reising må reknast med.
Søkje på stillinga? Trykk på denne lenka