Aure kyrkje er sentralt plassert i Aure, og ligg på ein kyrkjestad frå 900-tallet. Aure kyrkje vart vigsla i 1924, og er ei nydeleg krosskyrkje med element frå dei fyrste kyrkjene. Kyrkja har 800 sitteplassar. Stemshaug kyrkje vart vigsla i 1908 og er ei langkyrkje i stavkyrkjestil. Stemshaug kyrkje har 288 sitteplassar. Gullstein kyrkje er ei langkyrkje frå 1869. Byggverket er i tre og det er 300 sitteplassar. Kyrkja er til ein viss grad utforma i stavkyrkjestil.
Kyrkjekontoret har lokale i den vakre gamle prestegarden, som ligg sentralt plassert midt i Aure, omkransa av ein nydeleg hage med kort avstand til Aure kyrkje.
Kyrkja i Aure er ein velfungerande organisasjon, og staben og arbeidsplassen bidrar til at det er lett å trivast.