Misjonsmessa 9.november vart ein flott dag, der over 70 000 kr vart samla inn til Det norske misjonsselskap sitt arbeid i Thailand. Inntekta frå denne årlege misjonsmessa går til Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i fattige område i Thailand, der vi støttar arbeid blant barn og unge.
Det var sal av forskjellige varer, lefser , julekaker med meir. Mange prøvde vinnarlukka i lodd- og åresalet, og køen ved tombolabordet var lang nesten heile dagen! Klokka 13 var det familiesamling med song av GLØD og MiniGLØD, andakt ved Kristian Myklebust og informasjon frå misjonsprosjektet i Thailand.
Bak misjonsmessa står ein flott gjeng med eldsjeler, og vi er glade for at kyrkjelyden vår har ei så flott førjulsmessse og at mange ville komme og støtte arbeidet i Thailand!