Vi er godt inne i adventstida. Når du les dette, går den første adventsveka allereie mot slutten og vi skal snart tenne det andre adventslyset. I tankane følger vi Josef og Maria på veg til Betlehem, byen der det ikkje var husrom for dei. Vi ser fram mot atter ein gong å feire det vesle barnet i krubba. Gud som vert menneske. Himmelen som gjestar jorda.
Den andre adventssøndagen peikar enno lenger fram enn til dei heilage juledagane. Den peikar framover mot det som gjerne vert kalla Jesu andre kome. Det første kome er det vi skal feire i jula: det vesle barnet, gjetarane og englane.
Jesu andre kome handlar om noko utanfor tid og rom. Ei røynd som er annleis enn den røynda vi ser og kjenner. Ei røynd som overgår alle våre villaste og mest urealistiske juleambisjonar. Ei tid og ein stad der alt er annleis. Der døden ikkje er meir. Der sjukdom og smerte ikkje finst. Der ingen bombar kvarandre eller kranglar om arv eller nabogrenser. Ei røynd der kjærleiken og det gode trengjer hat og vondskap bort. Det høyrest mest for godt ut til å vere sant…
Det er denne røynda Jesus snakkar om når han seier at han vil gjere klar ein stad til venene sine. Han vil gjere klar ein stad og eit rom i huset åt Far. Eit hus med mange rom, med husrom til alle. Eit hus der vi er venta og ønska. Der vi kan senke skuldrene og vite at her kan eg vere meg, med alt eg er og alt eg ber på.
Eg håper vi kan skape slike rom for kvarandre også her i vår verd. Rom der vi kan møte kvarandre med rause blikk og opne hender. Rom der vi kan kjenne at her kan eg vere meg og du vere deg og saman kan vi vere oss, med alt vi ber på av brotne forventningar, knuste draumar og sår som ikkje vil gro. Med alt som bind oss saman og alt som skil oss. Med alt vi forstår og alt vi ikkje forstår.
Ingen av oss kjem til å få ei perfekt jul i år heller. For slik er den verda vi kjenner. Vakker og vond på same tid. Ei sårmerkt verd der vi både ler og gret, elskar og hatar, bygger opp og riv ned. Kanskje kan vi likevel få tru at Gud allereie her og no, midt i vår verd, kan skape små lommer av håp der vi alle kan få ein liten smak av den røynda som ein gong ventar bortanfor tid og rom.
Med ønske om ei nådefull adventstid, midt i livet slik det er.
