«Hvis ordet synd ikke hadde eksistert, måtte vi ha funnet det opp,», skriv Alister McGrath i si bok «Det store mysteriet». Professoren i vitenskap og religion ved universitetet i Oxford held fram: «Men det er der allerede, nettopp fordi tidligere generasjoner innså problemet, og visste at det første de måtte gjøre for å hanskes med det, var å sette et navn på det.»
Synd er for McGrath «en brist i menneskenaturen som hindrer oss i å nå våre egentlige mål». Å snakke om synd er difor ikkje i seg sjølv pessimistisk eller dømmande. Det er tvert i mot svært realistisk og potensielt frigjerande. Det er å ta menneskenaturen og menneskelivet på alvor. Det handlar om å sette ærlege ord på menneskelege erfaringar. Vi er skapt i Guds bilete med potensiale til å gjere godt. Samtidig har vi alle i oss ein brest som får oss til å gjere det vonde, det som øydelegg og splittar.
Den kristne forståinga av synd og nåde gjev oss hjelp til å forstå og leve i denne spenninga mellom godt og vondt. Den hjelper oss til å akseptere vår eigen brest som ein del av vår menneskelege natur. Samtidig gjev den oss mot til å strekke oss etter det Gudsbilete som ligg i oss frå opphavet. Den kallar oss til omvending og gjev oss mot og håp til å gjere opp når noko må gjerast opp.
Eg trur det er på denne bakgrunnen vi også må forstå Jesu ord til læresveinane i Matteusevangeliet. Poenget med oppgjeret er ikkje dommen i seg sjølv, å sette syndaren på plass eller vise han ut av fellesskapet. Det handlar om å verne fellesskapet mot det som øydelegg og splittar. Det handlar om å legge til rette for at det gode skal kunne skje, i oss og mellom oss.
Kanskje treng vi å snakke om synd meir enn nokon gong. Ikkje for å skape skiljer mellom oss og dei, gode og vonde, men for å sette ærlege ord på det vi ser og erfarer. Saman kan vi så finne vegen tilbake til det kjærleikens Gudsbilete som ligg der djupt inni oss alle saman.
Sokneprest Arne Moltubak