Søndagstankar 16. februar: Bibeldagen

Sokneprest Arne Moltubak skriv om Såmannssøndag, Bibeldagen og Bibelskapet sitt arbeid på Cuba.

Søndagstankar 16. februar: Bibeldagen

Vi er komne til Såmannssøndag i kyrkjeåret. Tekstane handlar om Ordet som vert forkynt og korleis dette Ordet, Jesus Kristus, kan skape noko godt i både einskildmenneske og samfunn. Samtidig gjev tekstane og ei skildring av kva som kan skje når Ordet ikkje vert tatt imot eller blir fortrengd av andre ord, andre inntrykk og andre impulsar. Då får ikkje Ordet høve til å vekse.

Såmannssøndagen er det lang tradisjon i kyrkja vår for å feire Bibeldagen, med fokus på arbeidet til Det norske bibelselskap. I år har Bibelselskapet fokus på arbeidet på Cuba. Ungdom på Cuba står overfor store utfordringar i ein røyndom prega av økonomiske kriser og sosial uvisse. Midt i motgangen søkjer dei unge åndeleg styrke i Bibelen. Mange fortel at det berre er Guds ord som gjev dei håp og retning i kvardagen. Her følger sitat frå nokre cubanske unge, henta frå www.bibel.no:

- Bibelen er kompasset i livet mitt. Han har forma haldningane mine og vala eg har teke. Favorittverset mitt minner meg om at sann visdom kjem frå Gud (Ordt 1,7). Eg ser på vitskap som ein måte å forstå skaparverket på. Derfor planlegg eg å studere datavitskap. Målet mitt er å kombinere kristen tru og teknologi i framtida.                     Justin 17

– Eg vaks opp i ein kristen heim, men det var først i tenåra eg forstod kor sterk Bibelen eigentleg er. Då eg møtte nye utfordringar, blei bodskapen i Jeremia 15,19 avgjerande for meg: «Dersom du vender om, lèt eg deg koma attende. Du skal stå for mitt andlet.» Det gav meg styrke i trua. For meg er Bibelen ikkje berre historier, men levande ord som gir retning, styrke og von.»                                                                                                                Sarai, 18

Eg håper vi kan formidle noko av denne gleda over Bibelen som ei levande bok også til ungdomane vi skal møte på Sunnmøre folkehøgskule desse vinterferiedagane. For Bibelen er like viktig og kan bety like mykje for oss her på Sunnmøre, som den kan for dei unge på Cuba.

God Bibeldag!  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"