Søndagstankar 19. januar: Ei opningsscene

Sokneprest Arne Moltubak skriv om spenninga knytt til opningscena på eit teaterstykke og korleis ein kan lese Johannesevangeliet som eit teaterstykke i søndagstankane denne veka.

Søndagstankar 19. januar: Ei opningsscene

Eg sit i ein teatersal. Det er like før teppet vert dratt til side. Eg kjenner spenninga dirrar i heile kroppen. Kva er det eg skal få sjå? Korleis ser kulissane ut? Kva har dei gjort for å skape den intense spenninga frå romanen eg las i fjor. Og skodespelarane, kva med dei? Vil eg kjenne att karakterane frå boka? Snakkar dei riktig dialekt?

Det er mange spennande augeblikk knytt til ei teaterførestilling. For meg er sekunda før eg får sjå scena og skodespelarane for første gong ofte det aller mest spanande. Her blir tonen satt for resten av førestillinga. Treff scena og skodespelarane meg i desse første sekunda er mykje gjort. Då er det berre å gle seg til resten.

Johannesevangeliet som teater

Teksten denne søndagen er frå ei slik opningsscene. Vi er heilt i starten av Johannesevangeliet, eit evangelium som vi kan lese nettopp som eit teaterstykke. Lars Johan Danbolt og Gunnar Wang viser i boka «Begynnelser» korleis evangeliet kan lesast som fortellingar og drama prega av både gresk og jødisk kultur.

Evangeliet opnar med den kjende Johannesprologen som vert lest i kyrkjene våre kvar første juledag. Her er det som om ein forteljarstemme tar plass på scena i teateret. Forteljaren tar tilskodaren tilbake til opphavet, før alt vart til. Samtidig plasserer han fortellinga midt inn i tilskodarane sin kvardag.

Kven er Gud?

Slik skaper han både spenning og tilhøyrsle for dei som sit i salen eller auditoriet. Og så kjem orda frå dagens tekst:

Ingen har nokon gong sett Gud,

men den einborne Gud,

som er i fanget til Far,

han har synt oss kven han er.

Det er dette tilskodaren no skal få sjå. Fortellinga om Jesus frå Nasaret er fortellinga om kven Gud er. Han som ingen nokon gong har sett, han gjer seg sjølv synleg, sårbar og naken gjennom ein snikkarson og fiskarven frå den vesle byen Nasaret i Galilea.

Kanskje kan du denne helga sette deg ned med Johannesevangeliet. Tenk deg at du sit i ein teatersal. Sjå personane føre deg. Høyr Jesus sin stemme og sjå augene hans i møte med alle dei menneska han møter. Kva ser du? Kva høyrer du? Kven er Gud?

God lesing og god oppleving!

Sokneprest Arne Moltubak  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"