Jesus er på besøk i byen og folk flokkar seg for å høyre. Sjølv om det er mykje folk, zoomar forfattaren Markus inn på ein mann som er lam. Denne mannen er ganske sikkert nedst på rangstigen i samfunnet, ute av stand til å arbeide eller forsørge familien. Men sjølv om han er i ein håplaus situasjon, er ikkje alt håp ute. Mannen har nemleg gode vener. Dei bærer han rundt på ei båre. Men denne dagen kjem dei likevel for seint. Huset med forsamlinga er allereie pakka fullt, og det er ingen sjans å kome inn.
Då ser eg for meg karane. Praktiske, jordnære, heilt sikkert. Kva gjer vi no? Handlekraftige stiller dei opp for sin kamerat på båra. Dei bryr seg ikkje om bygdesladder og går opp på huset og bryt opp taket. Der firer dei kameraten på båra ned til Jesus.
Eg kan levande sjå for meg reaksjonen til folk inne i huset. Der strå og leire frå taket drysser ned, kjem mannen på båra svevande gjennom taket og landar midt framføre meisteren.
Mannen blir lækt av Jesus fordi nokon andre var villig til å stille opp med praktisk handlekraft. For all ettertid vert desse navnlause karane i bårelaget førebilete for oss. Dei viser ikkje trua si med ord, men med handling.
Viss vi dreg historia inn i våre liv og vår kvardag, kan vi heilt sikkert kjenne oss igjen i håplause situasjonar. Men det finst alltid ein veg, om det ikkje er den mest opplagte. Av og til kan vi sjølv vere den handlekraftige, men andre gonger må vi lene oss på andre og tørre å ta imot hjelp.
Bårelaget i fortellinga bærer den lamme heilt fram til Jesus. Dei veit at det han kan gjere noko som ingen andre kan. Ikkje berre reiser han den lamme opp frå båra. Han gir han også forlating for syndene. Jesus ser både til det indre og det ytre av mennesket.
Også i dag kan vi nærme oss meisteren. Kor finn vi han? Jo, han finst i fellesskapet der menneske bærer kvarandre. Og om vi ikkje har tru nok sjølv, kan vi kome med tome hender og eit ope hjarte. For når vi ikkje kan prestere noko sjølv, kan han få sjansen å bære oss..