Søndagstankar 5.oktober: Kva håper vi på?

Det er her vi er at vi må håpe. Det er her vi kan handle på dette håpet! Les kyrkjelydsprest Kristian Myklebust sine søndagstankar til 5.oktober.

Publisert:

Foto: Lars Verket/DnK
Foto: Lars Verket/DnK

Kvardagshåp

Kvardagshåpa er viktigare enn vi trur! Då tenker eg på dei små håpa: «Eg håper det blir kjekt med middagsbesøk i helga» eller «Eg håper det vert ein fin tur» eller tusen andre ting vi ønskjer skal skje. Håp gir retning. Håp gir energi og motivasjon og framdrift. Håp kan vere ein motor, noko som dreg i oss, set oss i gang og fører oss framover. Det er håpet som gjer at vi kan sjå for oss at noko kan vere annleis enn det er akkurat no. Verdien av det skal vi aldri undervurdere.

Er det framtid og håp?

Eg har på mange måtar vokse opp i ei håpefull tid: Murar vart rivne, gamle unionar gjekk i oppløysing. Vi tenkte at mange av dei gamle trugsmåla no var borte. Håpet var kanskje at no utviklar alt seg til det betre? No er vi vitne til rasande krig i Europa og i Midtausten, og til nye trugslar mot demokrati og fellesskap. Noko av det mest alvorlege er at det kan sjå ut som mange mistar håpet, og tenker at framtida verkar lukka. Horisonten vert borte.

Det har vore mørkt før. Menneska si historie er også ei historie om nedgangstider og samanbrot. Men vi kan ikkje slutte å håpe av den grunn. Det er nett i dei tunge tidene at håpet må blankpussast og takast vare på som ein dyrebar skatt. Ikkje som positiv tenking eller fortrenging av realitetane: Verda er som ho er. Men det er håpet som gjer at vi kan sjå for oss at noko kan vere annleis enn det er akkurat no. Det er håpet som kan drage oss i ei anna og betre retning.

Å håpe her vi er

Og verda er også her vi er. Ho er ikkje berre alle andre stadar, ikkje berre i USA eller på nettet. Det kan vere lett å bli så oppteken av det som skjer der, at vi gløymer det vi har her.  Men håp må bli konkrete og få feste «lokalt.» Det er her vi sjølve er at vi kan la håpet- og handlingane håpet fører med seg- få rom. Vi kan ikkje redde heile verda med håpet vårt. Men vi kan forandre der vi er. Det er her vi er at vi må håpe. Det er her vi kan handle på dette håpet.

Ei grunnleggande side ved den kristne forståinga av håpet, er at det kjem utanfrå. Ikkje frå oss sjølve, men frå Gud. Håpet kjem når vi har gått oss fast, når vi ikkje ser vegen vidare, når det verkar som om alt er over. Bibelforteljinga for denne søndagen, er ei forteljing om nett det: Alt er over. Likevel veks eit nytt håp fram, sidan Jesus er på ferde. Hos Gud er det aldri tomt, heller ikkje når vi tenker at det ser mørkt ut.

Den svenske skribenten Joel Halldorf viser ein håpefull og mogleg veg: «Det kan kjennast vanskeleg, ja håplaust, å gjere noko med det: Å sjølv skulle påverke noko så stort og abstrakt som «samfunnsutviklinga.» Men kan vi byrje med å stille oss dette spørsmålet: Kva for nokre fellesskap og vaner treng eg å ta vare på og beskytte, for at verda ikkje skal få forandre meg? Kva for nokre lys treng eg å tenne, for å ikkje sjølv gå meg vill- og kanskje til og med for å lyse opp vegen for andre?»

Kanskje noko å tenke over denne helga, denne hausten? Kva kan du ta vare på, her du er? Kva lys tenner du, for deg sjølv og for andre?

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"