Søndagstankar 15. september: Gud bur i mørkret

"For det er i mørkret Gud bur" seier Asle i Septologien til Jon Fosse. Sokneprest Arne Moltubak skriv om dette og om Jesu møte med eit gravfølge i Nain i søndagstankane denne veka.

Et hvitt steartinlys står og brenner med difus mørkeblå bakgrunn

«For det er i mørkret Gud bur, ja Gud er mørker, og dette mørkret, Guds mørker, ja dette ingenting, ja det lyser, ja det er frå Guds mørker at lyset kjem, det usynlege lyset.»

Orda er Asle sine. Asle i septologien til Jon Fosse. Asle står og ser på det nyaste måleriet sitt, «Andreaskross» og funderer på kvar lyset kjem ifrå. Svaret er at Gud bur i mørkret og at det er frå dette mørkret, frå ingenting, at lyset kjem. Lyset kjem ikkje frå dei lyse fargane, men tvert i mot frå det mørke i biletet, frå det mørke i tilværet.

Frå mørke til lys

I skapingsfortellinga i 1 Mosebok er det også slik: «I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.» Gud var i mørkret, før lyset vart til. Frå dette mørkret strålte lyset fram i det Gud sa «Det skal bli lys».

Vi er på veg inn i ei mørkare tid. Dagane vert kortare og nettene lengre etterkvart som hausten brer om seg. Kanskje kan det vere godt å ha med seg dette bilete av at Gud er nettopp i mørkret. På søndag feirar vi haustens påskedag. Evangelieteksten denne dagen fortel om ei kvinne som er i sitt djupaste mørker. Ho har tidligare mist mannen sin og no følger ho sin einaste son til grava. Ho er blitt både enkje og barnlaus. Har ingen til å forsørge seg. Åleine i verda. Alt er blitt mørkt rundt henne.

I vårt mørker

Men så, midt i dette mørke, kjem Jesus henne i møte. Han nærmar seg stille. Legg handa på båra og seier til henne: ««Gråt ikkje!» Så vender han seg til den døde og seier: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» Den døde setter seg opp og tek til å tala. Vi får ikkje vite noko om kvinna sin reaksjon, men folket rundt vert alle fylte av ærefrykt og seier: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.»

Det greske ordet som er omsett med «har gjesta», kan og omsettast med «har tatt vare på» eller «har sett til» slik det er omsett i Sakarjas lovsong i Lukas 1,68. Midt i det totale mørkret er Gud nær og gjer under. Så skal vi få tru at slik er det også i våre liv. Når det er på det mørkaste, når vi ikkje ser meir håp, ja nettopp då er Gud der, midt i vårt mørker. For det er der Gud bur.

Sokneprest Arne Moltubak

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"