Pater Noster, The Lords prayer, Fadervår eller «Vår Far». Denne bøna har mange navn. På mange språk, i snart to tusen år har menneske bedt denne bøna. Den er med i alle kyrkjelege gudstenester og ritualer, den følger oss frå dåp til konfirmasjon, vigsel og gravferd. Og ikkje minst er det ei personleg bøn til dagleg bruk. Ofte ber mange bøna heile livet på same omsetting og målføre som dei lærte den då dei var små.
Kva er det med denne bøna som er så spesielt? Det er ei bøn som kjem frå Jesu sjølv. Læresveinane spurte Jesus om korleis dei skulle be til Gud. Var det vanskeleg å be? Måtte dei be lange bøner for å bli høyrt? Nei, seier Jesus. Bøn er enkelt. Gud veit allereie kva vi treng. Bøna er for oss, for at vi skal knytte oss til Guds vilje og samstundes verte minna på det viktigaste i livet.
Bøna startar med å kalle Gud for «Vår Far». Skaparen av himmel og jord får vi tiltale som vår eigen forelder. Samstundes vert vi minna på å halde Guds navn heilagt. Å nærme seg Gud er å nærme seg mysteriet i ærefrykt. Vi ber om at Guds gode skaparvilje skal realiserast gjennom oss, her på jord. La oss få nok å ete, men la oss også få ha dekka dei andre nødvendige behova i livet. La oss ha Gud som førebilete; Han som tilgir oss kan inspirere oss til å kome andre i møte med tilgjeving og nåde. La oss ikkje havne i situasjonar der vi vert freista til å gjere noko av egoisme eller grådigheit. Til slutt skal heile vårt liv vere eit verk til Guds ære. Han er Alfa og Omega, han er begynnelsen og enden. Våre liv startar hos Han og skal ende hos Han.
Det er trygt og godt å vite at Gud held heile vårt liv i si hand, men vi treng å bli minna på det. Vi treng å bli minna på at det er Gud som gir oss den grunnleggande tryggleiken under alle forhold. Fader vår er blitt bedt ved sengekanten, både når livet startar og når livet sluttar. Den har blitt bedt i takksemd over alt det gode, men også i naud, svolt og dødsangst og krig.
Det er ei bøn for heile livet. Den har tålt to tusen år med menneskeliv på det beste og det verste, og den er framleis like aktuell. La oss ta Jesus på ordet og veve denne bøna inn i livsveven vår.