Sted: Landås menighetssal
Klokken: 20:00-22:30
Gjest: Biskop Ragnhild Jepsen
Vi lever i ei verd som opplever uro og krigshandlingar vi ikkje har sett tidlegare. Det kjem nær oss når vi ser bileta frå krigsområde og stader der klimaendringar og fattigdom endrar livsvilkår for millionar av menneske. Også i vårt land er det no mange som kjenner på angst for morgondagen, og kva framtida skal bringe. Kva for ansvar har vi som kyrkje i ei slik tid? Og er det framleis mogleg å forkynne eit håp til dei som opplever håpløyse?
I samtale med Heidi Westli vil biskop Ragnhild Jepsen snakke om diakoni og medkjensle. Og prøve å sjå om det finst håpsforteljingar mellom oss som framleis kan løftast fram for å gje kvarandre mot til å våke – i verdens natt.
Etterpå blir det lysløype i kirkerommet før alle er velkommen til enkel kveldsmat med nybakt brød, smør og syltetøy. Kaffe og te. Det er også glutenfritt, nybakt brød.
Musikk ved Gaute Westli og band