Det har snike seg inn litt feil i vår tidlegare annsonsering av gudstenester, m.a. står det feil i menighetsbladet.
Torsdag 14. mai – Kristi himmelfartsdag
Denne dagen har vi friluftsgudsteneste i Solheimsviken klokka 11. Vi held til på kaiene eit stykke utanfor legevakta, ved kaféen Uno Kranen (tidlegare Colonialen Kranen). Gå utover frå legevakta og sjå etter ei kran.
Vi skal ikkje vere i Løvstien Amfi.
Søndag 17. mai – Nasjonaldagen
Denne dagen har vi ikkje gudsteneste, i motsetning til kva som tidlegare har vore annonsert.
Sjå eventuelt etter andre kyrkjer som har gudsteneste denne dagen. Og forøvreg ynskjer vi alle ein fin nasjonaldag.
mvh
Knut Arnold Kvalsvik
