Årsmøte
Årsmeldinga vart publisert i august. Soknerådet vil presentere glimt frå årsmeldinga for året 2019. Rekneskapen er vedtatt i sokneråd og godkjent av revisor. Hovudtal frå rekneskapen vil bli lagt fram.
Soknemøte
Kyrkjemøte har vedtatt å stramme inn ordning for gudsteneste. Målet er å gjere gudstenestefeiringa over heile landet meir gjenkjenneleg. Det vil bli eit mindre utval av liturgisk musikk og færre variant av liturgiske ledd å velje i mellom. Med dette er det naudsynt å legge opp til justeringar for lokal grunnordning også for gudstenestene i Ulstein. Etter drøfting i ei arbeidsgruppe har soknerådet vedtatt dei endringane vi treng å ha for å leve opp til føringane frå Kyrkjemøtet. Vedtakene vil bli lagt fram for soknemøtet. Soknemøtet skal gi innspel til soknerådet, som vil fatte eit endeleg vedtak som skal sendast over til prost / biskop til godkjenning.
Følgjande ledd i hovudgudstenesten i Ulstein vil vere berørt av endringane:
- Endring i ordlyden i syndsvedkjenning, alltid synging av Halleluja- omkved ved lesing av evangelieteksten
- Endringar i liturgisk musikk for: Kyrie / Gloria / Sanctus / Velsigning
Følgjande ledd i kort ordning for gudsteenste (familiegudsteneste) vil bli berørt av endringane:
- Endring i ordlyden i syndsvedkjenning, alltid synging av Halleluja- omkved ved lesing av evangelieteksten
- Endringar i liturgisk musikk: Soknerådet har vedtatt om å søkje dispensjon for å kunne beholde følgjande slik vi bruker dei i dag: Kyrie / Klappe-Gloria / Sanctus / Velsigning
Soknerådet har vedtatt om å bruke omkved i songen «Livsglede» frå Oslo Soul Children til Halleluja- omkved. Det er også foreslått å søkje om å få droppe Halleluja- omkved.
Korleis påverkar Korona- pandemien arbeid i Ulstein kyrkje?
Soknerådet og dei tilsette vil informere og legge opp til ei samtale kring dette spørsmålet