Tårnagentane er eit spennande opplegg for barn på 8 år som går føre seg i Øye kyrkje i mai måned.
Her får vi vere agentar på oppdrag, vi utforskar kyrkja, lærer nye ting og løyser oppgaver saman.
Som tårnagentar får vi gå opp i kyrkjetårnet, sjå kyrkja fra nye vinklar og oppdage nye ting vi kanskje ikkje har lagt merke til før.
Vi lærer om symbol, forteljingar frå Bibelen og kva som skjer i kyrkja. Nokre gonger må vi løyse mysterium eller finne skjulte spor, akkurat som ekte agentar.
Vi samarbeidar, bruker fantasien og har det kjekt saman. Tårnagentane handlar om å vere nysjerrige, stille spørsmål og oppdage meir om både kyrkja og trua, på ein leikande og spennande måte.
Lurar du på når det er tid for tårnagenter, følg med i kalenderen her på nettsida (du finn link nedst på sida) eller på Kyrkja i Vang sin facebook-side.
