Ottosen er kjent for mange som aktiv samfunnsdebattant, og ein som stiller opp når upopulære kristne synspunkt skal forsvarast. Han har tidlegare vore misjonær og informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband. No er han kommentator i avisa Dagen.
4. november kjem Ottosen til Frekhaug for å undervisa om temaet «Kva seier Bibelen om vondskap». Undervisninga inngår i ei lange rekkje med bibelkveldar i samarbeid mellom Frekhaug indremisjon, Norkirken Nordhordland og Meland kyrkjelyd.
Overraskande vondskap
I haust har Ottosen kome ut med boka Overraskende ondskap – derfor kan vi gjøre galt og mene at vi gjør godt.
– Er det grunn til å bli overraska over vondskap?
– Noko vondskap trur eg dessverre kan overraska. Det gjeld særleg det faktum at nokre menneske synest å gjera vondskap med gode intensjonar. Med det meiner eg at dei faktisk er overtydde om at det dei gjer, er godt – sjølv om andre vil karakterisera det som grufulle handlingar. Det gjer det òg aktuelt for oss alle, tenkjer eg, å tenkja gjennom korleis vi skal unngå å koma i ein slik situasjon at vi gjer noko vondt og trur at vi gjer noko godt, seier Ottosen.
Han vil ta opp det vonde som ei freisting, og som noko alle menneske kan enda opp med å gjera.
– Særleg vil eg prøva å seia noko om korleis vi nordmenn i dag snakkar om andre menneske sin vondskap, og om vonde handlingar, og så samanlikna det med framstillinga i Bibelen.
Alle eig problemet
– Kva synest du sjølv er mest utfordrande når du prøver å forstå vondskap i lys av kristen tenking?
– Det er å balansera den svært dystre framstillinga i Bibelen av oss menneske som vonde, med alt det Bibelen òg seier om at vi er skapte i Guds bilete og openbert kan gjera mykje godt.
– Korleis blir vi gode til å møta vondskap?
– Kanskje først og fremst ved ikkje å sjå på vondskap berre som noko andre kan vera ansvarlege for, men ved òg å reflektera over kva som kan få oss alle til å trakka feil slik at «lysten til det vonde i hjarta mitt», som vi seier i syndsvedkjenninga, blir til handling.
