Me feirar med god mat (om du ikkje allereie kjenner til den gode supa til Oddny Røyseth har du eit nytt kjennskap å sjå fram til!), godt selskap - og god musikk ved unge stjerner frå Meland kulturskule og meir vaksne stjerner i no 101 år gamle Meland Musikklag. Me får sjå og høyre om ein nesten 400 år gamal (!) bibel som har tilhald på Tveit og får verte litt meir kjend med den felles historia mellom Holsnøy og Askøy. Dette står Herdla og Askøy sin lokalhistorikar Erling Virkesdal for.
Det ryktast at det blir musikk og dans i flott samspel frå musikkskulen, nytt og svært gamalt frå musikklaget og mykje anna gildt program.
Velkomen på bygdekveld i Musikkhallen på Holme i høve feiringa kyrkjejubileet! Kollekt til dekking av utgifter i høve arrangementet.