followme er fellesskap for unge frå heile Alver. Det er alltid mat, leik og gøy, leiartrening, trusbygging. Du kan også bli utfordra til å vere leiar på trusopplæringstiltak, og du kan få kursbevis og noko å ha på CV'en. Du kan også berre kome innom når du har tid for å vere ein del av fellesskapet.
followme vil sjå - samle - styrke. Vi vil sjå kvarandre og sjå evner og ressursar unge har som kan utviklast, vi vil samle unge frå heile Alver, og vi vil styrke den einskilde i seg sjølv og i trua.
Hausten 2026 samlast vi i Knarvik kyrkje kl 20.00-22.00 desse kveldane:
- 28.08
- 11.09
- 25.09
- 23.10
- 06.11
- 20.11
- 04.12
Kvar sommar er mogleg å bli med på followme-konferansen der vi treff andre followme'arar frå heile landet.
followme Alver er eit lokallag i NMSU, og blir drive som eit samarbeid mellom alle sokna i Alver.
