Vel møtt til Løvegjenggudsteneste!
- Songar, preike og liturgi for og med barn
- Nattverd med bønevandring
- Kyrkjesaft/kyrkjekaffi og kake
- Barnas misjonsbasar
Barnas misjonsbasar under kyrkjekaffien
Løva inviterer til basar, så vi kan samle inn pengar til barn i andre land, så dei også kan bli kjent med Jesus! Ta gjerne med ein eller fleire gevinster som vi kan lodde ut, kanskje ligg det noko i skåpet som du ikkje brukar, og kan gje vidare?
Inntektene fra basaren går til NMS sitt prosjekt SAT-7 kids, ein kristen TV-kanal for born og unge i Midtausten som blant anna fortel bibelhistoriar og tilbyr digital undervisning for dei som ikkje kan gå på skule pga krig og konflikt. Du kan gjerne gje ei gåve på førehand på Vipps 54 016.
Andreas Westermoen er på tangentar, Eva Kristin Dale Wessman er liturg, Junji Furukawa er kyrkjetenar og Børge Ryland er leiar for gudstenestelaget.
Gudstenesta er for alle, både med og utan eigne barn.
VEL MØTT!
