1.oktober kjem Magnar Kartveit for å fortelje om den nye boka si, Gud, Pest og plage.
Boka tar fore seg nokre av dei vanskelege tekstane i Bibelen, dei som kolliderer med synet på ein nådig og kjærleg Gud. Ein av tekstane handlar om at Gud befalte å utslette alle innbyggarane i Jeriko, ein anna om dei mange som drukna i syndfloden. Mange som ønskjer å bruke Bibelen til trøyst og oppbygging, går utanom desse tekstene.Denne boka visare ei anna tilnærming
Forfatter Magnar Kartveit er professor i Det gamle testamente. I boka gjev han lesaren nøkler til ny innsikt og forståelse av verdas viktigste bok.
Tysdagstreff er i Sæbø kyrkje, 1.oktober kl 19.00. Det vert servert kveldsmat.