Frå klokka 12.00 til 12.05 vil kyrkjeklokker ringja over heile landet for å visa alle lokalsamfunn at kyrkja går i forbøn for dei som er berørte. Mange kyrkjer vil vera opne med høve for lystenning og samtale. I Fitjar vil kyrkja vera ope frå 18.00-19.30. Det vil vera litt program med song og tekstlesing mellom 18.30 og 18.45.
Kyrkjeklokkene ringjar 22. juli
I år er det ti år sidan angrepet på Regjeringskvartalet og på Utøya. Som ein del av lokalsamfunnet er kyrkja med på å bera sorga og dei vonde minnene, men også håpet. I fem minutt frå kl 12 vil kyrkjeklokker over heile landet ringja.