Vi legg inn øvingar annakvar torsdag i Valderøy kyrkje, og satser på å bli med på Gospel og kafé.
Planen er å vere med som forsongarar, enten framme eller i kyrkjebenken - det er valgfritt.
Kva syng vi?
Gospelsongar i ulike sjangrar, gjerne fleirstemt, så ta med deg alle sangglade folk og bli med!
Her er det lave skuldre, god stemning og mykje bra musikk!
Bli med på moroa!
Spre ordet og meld deg gjerne inn i Spond-gruppa for meir informasjon: Gospelkor i Valderøy kyrkje: spondkode: FBTHU.
