Dette er den andre konserten i serien vår "Klang i kapellet", der vi viser fram det nye pianoet vårt på ulike måter.
Denne gangen har vi invitert den dyktige pianisten Bjørnar Myhr til å spele for oss. Han bor på Vigra og er kjent av mange som ein framifrå arrangør og akkompagnatør, men i denne konserten får du høyre han traktere pianoet som solist.
Bjørnar Myhr er klassisk pianist utdanna frå konservatoriet i Trondheim. Han er ein kjend og røynd musikar med stor erfaring, både som solist og akkompagnatør. Du høyrar han ofte i samspel med dei beste sangarane og musikarane og gjerne med musikk arrangert nettopp av Bjørnar.
Bjørnar er oppteken av klassisk musikk. Det er den som ligg han nærast. På denne konserten kjem vi tett på denne lidenskapen, den store, vakre musikken og med det nye, flotte pianoet i Johanneskapellet, vil Bjørnar sine tolkingar av musikken få komme til sin rett. Han får fram dei flotte klangane, botn i instrumentet, dei glassklare tonane, dei raske løpa og bråe vendingane, det nære og sakrale – han vil ta oss med på ei musikalsk reise du garantert blir berørt av.
På konserten vil han presentere musikk av Johann Sebastian Bach, Franz Schubert, Frederic Chopin, Sergei Rachmaninov og Geirr Tveitt. I tillegg vil han spele nokre egenkomponerte stykker og arrangement frå solo-plata si: «Jeg går mine veier alene».
Inngang: kr. 200,- (vipps i døra)
Barn går gratis.
