Link: Årsmelding Hareid sokn 2024
Kyrkja er ein stad vi møtast, feirar, sørger og berørast. Kyrkja i Hareid er ei folkekyrkje der alle er velkomne, og som bidreg til å gjere lokalsamfunnet til ein god stad å leve for menneskjer i alle livsfasar. Kyrkja held på sin posisjon som umisseleg for store lag av folket – om enn på nye måtar.
- Den norske kyrkja sitt arbeid innan kultur og kulturarv bidreg med verdiskaping på 4,3 milliardar kroner, kjem det fram av ein ny rapport.
- Kultur med kunst og musikk har til alle tider gitt form til kyrkja sitt bodskap og gjerne formidla det som ord ikkje har makta å forklare eller uttrykke.
- Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste og evangeliet i handling. Den norske kyrkja sin plan for diakoni (2020) samanfattar dei diakonale utfordringane i fire arbeidsområde: Nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.
- Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) i Hareid har som overskrift ” Med rett til å verte sett og verdsett”. Vi tenkjer at alle har ein plass i fellesskapet, kvar med si tru og sin tanke. Kvar med sine evner og anlegg. Vi ynskjer å gå saman med borna og ungdomen på trusvegen med alt det inneber av utfordringar, gleder og oppgåver.
- Misjon er ein del av kyrkjelyden sin identitet og eit uttrykk for at Gud har gjort oss til sine sendebod. Vi har misjonsavtale i Thailand med NMS, og kyrkjelyden samla inn over kr 66.000 i 2024 til prosjektet.
- Gudstenesta er vårt kristne fellesskap, der vi samlar oss kring trua på Gud og Jesu Kristi oppstode - på tvers av alder, kunnskap og posisjon. Her kan vi alle kome som den vi er, og ta i mot av det Gud vil gi oss. Gudstenestene har vore streama på facebook, og vi veit at dei har blitt sett og sett pris på av mange. Det har i tillegg blitt gjennomført gudstenester på bedehusa i krinsane, Holesanden, Kvitneset, Alskleiva og på Hadartun og Melshornet. Også desse vart streama.
- Soknet hadde tilsaman 83 andakter på Hadartun i 2024 (kvar onsdag formiddag).
- Gravplassen er ilag med kyrkjebygget ein sentral del av vår kulturarv og inngår i kulturlandskapet vårt. Gravplassane er viktige sted for ritualer, rekreasjon og stillheit. Den er også park, ein grøn lunge for ro og ettertanke.
- Frivilligsentralen vår skal i hovudsak bidra til å skape gode møteplassar, og vere ein samhandlingsarena for frivilligheit i lokalmiljøet. Vi kan samordne frivillig innsats som både privatpersonar og frivillige organisasjonar i Hareid utfører, og dermed styrke og fremme det frivillige arbeidet. I tillegg skal sentralen vere eit kontaktsenter for alle som ønskjer å delta i frivillig verksemd, uansett alder, kjønn, økonomisk status eller etnisk tilhørigheit. Sentralen arbeider for å vere ope og inkluderande.
- Med eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus, er vi med å skaper treffpunkt og møteplassar opne for alle – noko som bidreg til å skape eit meir levande sentrum. Ein stor del av arbeidet til soknet har base på kyrkjelydshuset, ofte i kombinasjon med kyrkja.
- Det er soknerådet som er styringsorganet i vår kyrkjelyd og har det strategiske ansvaret for å vere kyrkje lokalt. Inkludert kommunal representant (ordførar) blir soknerådet utvida til Hareid kyrkjelege fellesråd, som i hovudsak har svar for økonomi, kyrkjebygg og gravferdsforvaltning. Fellesrådet er også arbeidsgjevar for dei tilsette, forutan prestane som prosten har ansvaret for.
ÅRSMØTE:
Rett etter gudstenesta søndag 16. mars, blir det kyrkjekaffi og årsmøte for Hareid sokn på kyrkjelydshuset kl 12.30.
Soknerådet inviterer til ei triveleg stund, med kaffi og kaker, underholdning og eit kort årsmøte. Det blir og ei avskjedsmarkering for sokneprest i Ulstein, Margit Lovise Holte og kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog, som begge skal vidare med nye utfordringar. Alle er velkomne til å ta del - håper du kjem!
Saker kan meldast inn til kyrkjekontoret (kyrkjekontoret@hareid.kommune.no) innan 3. mars.