17. mai 2021 - Friluftsgudsteneste på kyrkjebakken

Vi har mykje å vere takksame for i vårt gode land! Vi kan berre så vidt nemne fred og demokrati, så vil mange andre ting følge etter. 17. mai er ein dag for ettertanke og takksemd. Vi kan feire dagen på mange måtar, og vi inviterer deg til gudstenestefeiring på kyrkjebakken. Vi tek smittevern på alvor og registrerer folk ved alle inngangsportar, og har sprit tilgjengeleg. Minner om avstand mellom kohortane og bruk av munnbind der avstand er vanskeleg å overhalde.

17. mai: Vi startar med å syngje «Ja, vi elsker» saman med resten av landet kl 12. To av konfirmantane våre i mai, Borghild Holstad og Frøya Worren, tek del på ei 17. maisending frå heile landet som Kirkerådet lager. Dei fortel kva dei er takknemlege for, som å få vere så heldig å feire 17. mai, ha venner og få ta utdanning. Vi ønskjer alle ei fin 17. mai-feiring, gratulerer med dagen! Foto: Hareid sokn

Speidarane vil kranse minnesteinane kl.11.45 m/fellessong. Vi startar gudstenesta med å synge «Ja, vi elsker dette landet» saman med resten av landet kl 12. Gudstenesta er ved sokneprest Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige tek med pianoet ut og har med ei songgruppe. Kle deg for å vere ute. Vel møtt til feiring og gudsteneste på kyrkjebakken.

Vi ønskjer alle ei fin 17. mai-feiring, gratulerer med dagen!

(PS: Dersom veldig dårleg ver, tek vi gudstenesta inne i kyrkja.)

 

SALME

Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader.
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
såleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.

Tidi ho renn som elv mot os,
fort skifter sumar med vetter.
Fader, ver alltid Noregs los
radt til dei seinaste ætter!
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud,
varda vårt land frå fjell til flud,
lær oss å gå dine vegar!

Signa då, Gud, vårt folk og land,
signa vårt strev og vår møde,
signa kvar ærleg arbeidshand,
signa vår åker med grøde!
Gud, utan deg den vesle urt
veiknar og visnar, bleiknar bort,
ver du oss ljoset og livet!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"