Dei nye nasjonale tiltaka gjer at vi kan opne for inntil 200 pesonar i kyrkja, på faste tilviste plassar.
Vi ønskjer å presisere at Hareid kyrkje er for lita til å få plass til 200 personar med 1 meter avstand mellom kohortane, her må det tilpassast dei ulike arrangementa.
Kyrkjevertar vil tilvise plass der ein må sitte under heile arrangementet (ikkje v/nattverd). Bruk munnbind på stader ein ikkje klarer å overhalde 1 meter avstand.
For at vi skal kunne halde fram med dette, er vi avhengige av at vi ikkje får lokale utbrot. Faren for det er ikkje over. Vi må derfor minne alle om å halde dei gode smittevernråda:
- Hald deg heime om du er sjuk
- Hald avstand, minst 1 meter til dei du ikkje er i same korhort med
- Vaske hendene ofte og grundig med vatn og såpe (evt. sprit)
Dei nye smittevernreglane gjeld frå natt til 27. mai og inntil vidare.
OFFENTLEGE ARRANGEMENT:
Inntil 200 personar på arrangement MED faste tilviste plassar, med 1 meter avstand mellom kohortane.
Inntil 50 personar på arrangement UTAN faste tilviste plassar, med 1 meter avstand mellom kohortane.
Det er no 1 meter avstand også ved fellessong (2 meter gjeld kun kommuner med forhøya smittenivå).
PRIVAT MINNESTUND, SELSKAP, OSV. - UTLEIGE AV KYRKJELYDSHUSET:
Inntil 20 personar utan faste tilviste plassar og med gjeldande smittevernreglar.
GUDSTENESTANE er ope for deltakande i kyrkja og ein treng ikkje melde seg på for å ta del på ordinære gudstenester.
Etter håndvask/spriting av hender og registrering (navn, mobilnr. og kommune), vil kyrkjevertane tilvise plass der ein må sitte under heile arrangementet (forutan ved nattverd).
Ber om å møte i god til til kyrkje, slik at vi kan tilvise plassar på ein god måte.
Nattverd: Ved nattverd vil prest og kyrkjevertar bidra med å tilrettelegge for at smittevernreglane overholdast.
Streaming: Gudstenestane blir også direktesendt på Hareid kyrkje si Facebook-side og til Hadartun sin kyrkjekanal på TV.
GRAVFERDER: Vi bereknar at det vil vere plass til maks 90-100 personar i Hareid kyrkje på tilviste plassar med 1 meter avstand mellom kohortane. Dette blir vurdert ut frå størrelsane på kohortane.
Deltakerliste: Dialog mellom pårørande, gravferdsbyrå og kyrkjekontoret er viktig for å tilpasse antal deltakarar. Vi treng deltakarliste frå dei pårørande seinast kl 12 dagen før gravferda, som er merka med kohortar, dette for å kunne førebu plass i kyrkja og overhalde smittevernreglane.
Smittevernreglane er lik både inne i kyrkja og ute ved grava.
Myndighetene anbefaler at personar frå kommunar med høg smitte, ikkje tek del på arrangement i andre kommunar. Denne anbefalinga gjeld også ved gravferd.
VIGSEL OG DÅP gjennomførast etter gjeldande smittevern-reglar. Vi tilrettelegg for dåp enten i den ordinære gudstenesta eller i eigen dåpsgudsteneste.
BARNE- OG UNGDOMSARBEID gjennomførast innanfor trafikklysmodellen.