Det er tid for å minnast, men også tid for å sjå framover. Å vere saman i sorga og minna, men også stå saman i kampen vidare.
For det er ein kamp som ikkje kan vinnast utan felles innsats. Kampen om rett og rettferd, likeverd og menneskerettar.
Torsdag 22.juli er det 10 år sidan Norge var snudd på hovudet, og mange fann vegen til kyrkjene for å tenne lys og finne ro. Mange stadar i landet vil det denne dagen vere minnemarkeringar av ymse slag.
I Hareid, som i mange andre kyrkjer, vil kyrkjeklokkene ringe i fem minutt frå kl.12:00.
Etter det og fram til minnegudstenesta kl.18:00 vil kyrkja vere opa for dei som ynskjer å gå inn for å finne ro og stille.
Under den enkle minnegudstenesta vil fleire noverande og tidlegare AP politikarar ta del. Ordførar Bernt Brandal vil også ta del.
Gudstenesta opnar med Aril Grimstad som syng «Til ungdomen» og fleire av dei kjente songane knytt til hendinga i 2011 vil bli nytta i gudstenesta.
Det vert høve til lystenning for dei som ynskjer det.
Barbro Landmark er liturg og Olav Egge Brandal spelar.