Dei nye nasjonale tiltaka opnar for at det er tillatt med inntil 400 personar fordelt på to korhortar à 200 personar på arrangement, utan faste tilviste plassar innandørs.
Vi presiserer at Hareid kyrkje er for lita til å få plass til 400 personar med 1 meter avstand mellom kohortane! Våre anbefalingar er maks 100 personar i vår kyrkje, slik at avstandsreglane kan overhaldast.
Besøkande i kyrkja må sitte på sin plass under heile arrangementet (ikkje v/nattverd). Vi anbefaler munnbind på stader ein ikkje klarer å overhalde 1 meter avstand.
For at vi skal kunne halde fram med dette, er vi avhengige av at vi ikkje får lokale utbrot. Faren for det er ikkje over. Vi må derfor minne alle om å halde dei gode smittevernråda:
- Hald deg heime om du er sjuk
- Hald minst 1 meter avstand til dei du ikkje er i same korhort med
- Vaske hendene ofte og grundig med vatn og såpe (evt. sprit)
Dei nye smittevernreglane gjeld frå 20. juni kl 12 og inntil vidare. Reglane kan på kort tid endre seg, vi oppdaterer fortløpande.
GUDSTENESTANE er ope for deltakande og ein treng ikkje melde seg på for å ta del på ordinære gudstenester. Etter håndvask/spriting av hender, skriv du deg på deltakarlista (navn, mobilnr. og bukommune), og finn deg plass i kyrkjebenkane - der du må sitte under heile arrangementet (forutan ved nattverd).
Ber om å møte i god til til kyrkje, slik at ein unngår fortetning ved inngang.
Nattverd: Ved nattverd vil prest og kyrkjevertar bidra med å tilrettelegge for at smittevernreglane overholdast.
Streaming: Gudstenestane blir også direktesendt på Hareid kyrkje si Facebook-side og til Hadartun sin kyrkjekanal på TV.
GRAVFERDER: Vi bereknar at det vil vere plass til maks 100 personar i Hareid kyrkje med 1 meter avstand mellom kohortane. Størrelsane på kohortane kan variere og difor denne anbefaling.
Deltakerliste: Dialog mellom pårørande, gravferdsbyrå og kyrkjekontoret er viktig i høve deltakarliste. Vi treng deltakarliste frå dei pårørande seinast kl 12 dagen før gravferda, som er merka med kohortar. Lista vil bli oppbevart for eventuell smittesporing og makulerast etter 14 dagar.
Smittevernreglane er lik både inne i kyrkja og ute ved grava.
Myndighetene anbefaler at personar frå kommunar med høg smitte, ikkje tek del på arrangement i andre kommunar. Denne anbefalinga gjeld også ved gravferd.
VIGSEL OG DÅP gjennomførast etter gjeldande smittevern-reglar.
BARNE- OG UNGDOMSARBEID gjennomførast innanfor trafikklysmodellen.
OFFENTLEGE ARRANGEMENT:
Inntil 400 personar på arrangement UTAN faste tilviste plassar, med 1 meter avstand mellom kohortane (nasjonale råd).
Det er framleis 1 meter avstand også ved fellessong (2 meter gjeld kun kommuner med forhøya smittenivå).
PRIVATE ARRANGEMENT (MINNESTUND, SELSKAP, O.L.)
Inntil 100 personar UTAN faste tilviste plassar og med gjeldande smittevernreglar (nasjonale råd).