Kyrkjekino

Velkomen til Kyrkjekino for 7. trinn i kyrkjene i Kvam, sjå påmelding nedanfor.

Kyrkjekino

Kyrkjekino er eit arrangement for 7. trinn i kyrkjene i Kvam. I Ålvik og Strandebarm blir fleire årskull slått saman, alt etter kor store kulla er.

Vi ser ein kjent eventyrfilm der tema som mot, offer og håp står sentralt.
Bibelen og filmen har mykje til felles, noko me skal få oppleva gjennom ulike aktivitetar etter filmen. Det blir snop til filmen (borna treng ikkje ha med snop sjølv) og kveldsmat i pausen. 

Arrangementet er gratis.

Filmen har 11-års aldersgrense.

 

Våren 2026:

Norheimsund kyrkje for 7. trinn: fredag 6. mars kl. 17.00 - 21.30

Ålvik kyrkje for 5. - 8. trinn: søndag 26. april kl. 15.00 - 19.00 Påmeldingsfrist tysdag 21. april.

Øystese kyrkje for 7. trinn: fredag 17. april kl. 18.00 - 22.00 Påmeldingsfrist onsdag 15. april.

 

Øystese: vi ser filmen i Øystese bedehus, og har aktivitetar i Øystese kyrkje etter filmen. Oppmøte i bedehuset.

Prøveprosjekt i Ålvik i 2026: 5.-8. klassingane kan ta med foreldre/føresette og søsken, om dei vil. Nedre aldersgrense med følgje: 9 år. Noter antall deltakarar i kommentarfeltet i påmeldinga dersom fleire vil koma.

 

Me ynskjer ikkje at borna skal bruke mobiltelefon under filmen, dei blir samla inn når borna kjem.

Alle som er døypte vil få invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje - i rett alder er velkomne.

Spørsmål? Ta kontakt med Solveig (kyrkjelydspedagog) på tlf. 930 21 676

Påmelding her!

Gløymd å melde deg på innan fristen? Ta kontakt direkte med Solveig (93021676). Me kan ikkje garantera tilrettelegging for særskilde ynskje/behov etter at fristen har gått ut. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"