Legoklubben er eit populært tilbod til 2. trinn i kyrkjene i Kvam. Me samlast for å byggja lego, syngja og høyra bibelforteljingar. Til slutt et me kveldsmat i lag.
I Strandebarm og Ålvik vert 2.-3. trinn/2.-4. trinn inviterte i lag kvart andre/tredje år på grunn av små kull. I Øystese er Legoklubben vanlegvis på hausten, i Norheimsund på våren.
I utgangspunktet vert du invitert til den kyrkja du høyrer til, men dersom det passar betre å koma til ei anna kyrkje, kan du det. Dei som bur i Tørvikbygd vert inviterte til Strandebarm.
Hausten 2026:
Øystese kyrkje (torsdagar):15. oktober, 29. oktober og 12. november kl. 17.30 - 19.00
Ålvik kyrkje (måndagar): 7., 14. og 21. desember kl. 17.30 - 19.00
Tilbodet er gratis.
Påmelding ikkje klar
Alle døypte får invitasjon i posten, men alle - døypte eller ikkje - er hjarteleg velkomne!
Spørsmål? Ta kontakt med kyrkjelydspedagog Solveig L. Sangolt på 930 21 676
