Lys Vaken 2024
Norheimsund kyrkje: 9. - 10. november. For 5. trinn (påmeldingsfrist 4. november)
Øystese kyrkje: 16. - 17. november. For 5. trinn (påmeldingsfrist 11. november)
Strandebarm kyrkje: 23. - 24. november. For 5. - 7. trinn (påmeldingsfrist 18. november)
Sjå påmeldingslenkje under!
5. klassingane i Kvam er velkomne til å overnatta i kyrkja. I Strandebarm og Ålvik vert Lys Vaken som regel arrangert kvart 3. år der 5.-7. trinn er i lag. Dei som bur i Tørvikbygd kan velgje om dei vil koma til Norheimsund eller Strandebarm.
Me byrjar laurdagen kl.17.00. Me skal syngja, leika, læra om Jesus, ha godnattsamling i soveposane og mykje meir! Søndagen et me frukost i lag i kyrkja, og avsluttar med ei gudsteneste kl. 11 der heile familien din er velkomen.
Dersom du berre kan vera med delar av helga, er det mogleg, men notèr det i kommentarfeltet i påmeldinga. Du kan sove heime, om du heller vil det. Det går òg an å ha med forelder/føresett på overnattinga. Det er berre fint med god vaksendekning!
Arrangementet er gratis!
Ta med: uteklede, innesko, nattøy, sovepose, liggeunderlag, toalettsaker, håndkle og eit tomt syltetøyglas. Dei som skal sove heime kan ta med eit teppe til soveposesamlinga kl. 22.30.
Hugs!! Dei som søv heime må vera tilbake i kyrkja seinast 09.45 på søndagen. Kom gjerne til frukost kl. 08.45. På laurdagen kan dei bli henta litt før kl. 23.00.
Velkomen! Me gler oss til å sjå dykk!
Invitasjon kjem i posten og annonse kjem i avisa. Born som ikkje er døypte eller medlem i DNK er også velkomne, men dei får ikkje personleg invitasjon i posten.
Spørsmål? Ta kontakt med kyrkjelydspedagog, Solveig Lønning Sangolt (e-post: ss973@kyrkja.no tlf. 930 21 676), eller kateket, Mampion Andriamandimby (e-post: ma382@kyrkja.no tlf. 990 89 285).