Det vert ikkje lys Vaken skuleåret 26/27. 5.-7. trinn vert i staden inviterte til Tweens, sjå eigen artikkel under 0-18 år.
Lys Vaken skuleåret 25/26:
Sjå påmeldingslenkje under!
Me byrjar laurdag den 03.01. kl.18.00. Me skal syngja, leika gjømsel, læra om Jesus, ha basar, eta taco og mykje meir! Søndagen et me frukost i lag i kyrkja, og avsluttar med ei gudsteneste kl. 11.00, der heile familien din er velkomen.
Dersom du berre kan vera med delar av helga, er det mogleg, men notèr det i kommentarfeltet i påmeldinga. Du kan sove heime, om du heller vil det. Det går òg an å ha med forelder/føresett på overnattinga. Me treng både fedre og mødre til å hejlpa, og det er berre fint med god vaksendekning!
Arrangementet er gratis!
Ta med: utekle, innekle, innesko, nattøy, sovepose, liggeunderlag, toalettsaker, håndkle.
Hugs!! Dei som søv heime må vera tilbake i kyrkja seinast 09.45 på søndagen. Kom gjerne til frukost kl. 08.45. På laurdagen kan dei bli henta litt før kl. 23.00.
Velkomen! Me gler oss til å sjå dykk!
Invitasjon kjem i posten. Born som ikkje er døypte eller medlem i DNK er også velkomne, men dei får ikkje personleg invitasjon i posten.
Spørsmål? Ta kontakt med prest Norunn Rød Markhus (91 63 77 13) eller Kari Furnes Aalvik (frivillig, 93 05 50 25)
