Me gler oss stort til Vennefest 2026!
Hugs påmelding onsdag innan 28. oktober!
PÅMELDING HER
Etter felles start med Bjarte Leithaug, blir det mange kjekke aktivitetar, snop og kaker.
Tid: Laurdag 31. oktober kl. 17.30 - 19.30
Stad: Norheimsund kyrkje
Alder: Heile familien med vaksne og born i alle aldrar
Pris: 100 kr. per barn, maks 250 kr. per familie. Vaksne gratis.
Vipps til 86323 (Norheimsund kyrkje). Merk betalinga med Vennefest og barnet/barna sitt namn. Dersom de ikkje har Vipps, kan de betale når de kjem til kyrkja. Obs! Betalinga er ikkje sjølve påmeldinga. Sjå påmelding over.
Kostyme: Borna kler seg ut før dei kjem, men kan få ansiktsmaling i kyrkja, om dei vil. Kjekt om vaksne òg kler seg ut! :-)
Obs! Me ynskjer ikkje at borna har på seg masker eller skumle halloweenkostymar. Me ynskjer å ha fokus på vennskap og moro i staden for det skumle.
Vennefest er ein stor dugnad. Me treng folk som kan stå på post (enkle aktivitetar, t.d lykkehjul og skoesketårn) i 30-40 minutt, bake kake, rydde opp og hjelpe med div. andre praktiske oppgåver. Noter i påmeldinga kva de evt. kan bidra med eller ta direkte kontakt med kyrkja.
Kontaktperson: Solveig Lønning Sangolt, tlf. 930 21 676
Arr.: Norheimsund kyrkje, ved kyrkjelydspedagog og søndagsskulen
