I dette høvet inviterer vi til ein kveld der fagfolka fortel om arbeidet og viser rundt på byggeplassen. Vi legg også opp til omvisning inne i kyrkja og høve til å komme opp i tårnet for dei som måtte vere interessert i det. I tillegg vil Valdresmusea informere om det pågåande prosjektet "Kunnskapsløft for middelalderkyrkjene", der vi vil undersøke korleis slike bygg kan vere ein stad for historisk refleksjon, fellesskap, læring og lokal identitetsbygging.
Medverkande:
Morten Stige, kunsthistorikar Fabrica kulturminnetjenester
Per Storemyr, geoarkeolog og forskar Fabrica kulturminnetjenester
Tore Granmo, murarmeister
Arnt Erling Ringsaker, kyrkjetenar i Nord-Aurdal
Anne Marit Noraker og Nina E. Grønbrekk, Valdresmusea
TID: Onsdag 10. juni 2026 kl. 18.00
STAD: Ulnes kyrkje
ARR: Valdresmusea, Nord-Aurdal kyrkjelege fellesråd og Ulnes sokneråd
Det vil bli servert kaffe og kake, og kvelden er gratis og open for alle. Velkomen!