Sorggruppe for dei som har mista ektefelle
Kjenner du deg åleine i sorga? Sorggruppa er for deg som har mista ein du er glad i, og kunne ynskje og trenge fleire å prate med om dette.
Les meir
Kva er diakoni?
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Omsorgen visast gjennom ulike måter. Diakoni er alt frå den kvardagslege omsorgen for naboen, til internasjonalt engasjement for klimarettferd og nedkjemping av fattigdom. Diakoni er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd.
Diakoniarbeidet i Os kyrkjelyd
I Os kyrkjelyd har vi eit rikt omsorgsarbeid blant både eldre, vaksne og unge, og mange frivillige er engasjert i ulike oppgåver. Vi har samarbeid med Bjørnafjorden kommune, ulike organisasjonar og lag for å få eit godt og breidt arbeid for ulike aldersgruppar, og møte ulike behov. F.eks: Språkkaféen, venneveko og familienettverskgruppar. Sjå meir lengre ned på siden.
Ikkje vær redd for å ta kontakt. Vi er her for deg.
Ønskjer du å gje ei gåve til diakoniarbeidet i kyrkelyden kan du Vippse til 817429 eller til konto nr. 3201.53.26254. Merk med "gåve til diakoni".
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert
Settings for this website / Location -> "Allow"