Gjenbruksglede i kyrkja

I mai arrangerte vi plante-, bok- og klesbytedag i kyrkja. Det vart ein gøy og hyggjeleg dag med besøk av både store og små. Mange fann noko dei kunne byta til seg. Nokon tok med seg blomstrar heim, andre fann spennande bøker eller klede dei kunne bruka vidare.

Publisert:

Gjenbruksglede i kyrkja

Det var flott å sjå fellesskapen som oppstod rundt borda, praten og møta mellom menneske. I tillegg hadde vi sal av kaffi, te, saft og vaflar, der inntektene går til det diakonale arbeidet i kyrkja vår. Bytedagen vart arrangert med eit ønske om å skapa eit inkluderande møtepunkt for alle, også for dei som kanskje ikkje bruker kyrkja så ofte. Samtidig ønskte vi å bidra til gjenbruk og miljømedvit, og å gjera det lettare for menneske å få tak i ting dei treng utan å måtta kjøpa nytt. 

Vi sit igjen med takksemd for alle som kom innom og bidrog til ein fin dag prega av fellesskap, omtanke og berekraft.

Vi sest igjen til bytedag i Fjell kyrkje til neste vår!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"