I Foldnes kyrkje har vi allereie fleire bibelgruppar. Vi ønskjer likvel å starte fleire nye fellesskap, fordi vi trur at det er mange som kan tenkje seg å vere med i eit mindre fellesskap. Dei mindre fellesskapa har rom for samtalar, ein kan stille spørsmål og ein kan vere til støtte og hjelp for kvarandre. I tillegg er dei små gruppane viktig i ei stor kyrkjelyd som Foldnes.
Bibelgruppar i Foldnes kyrkje
Å ha eit mindre fellesskap kor ein kan studere tekstane i Bibelen i lag, samstundes som ein kan dele liv, tru og tvil, kan vere ei viktig livline for trua.
