I tillegg heldt leiar for beredskap og næringsliv i Sjømannskirken, Kjersti Helland, eit viktig og interessant foredrag om beredskapsarbeidet til organisasjonen.
Sjømannskirken har i alle år satsa på beredskap for nordmenn i utlandet, og sit på verdifull kompetanse som er svært aktuell både i Noreg og i utlandet.

Ho fortalde mellom anna om den døgnopne nødtelefonen, som er tilgjengeleg døgnet rundt for akutt krisehjelp og samtalar. Sjømannskirken tilbyr også beredskapsavtalar for bedrifter, organisasjonar og institusjonar med tilsette i utlandet.
Beredskapsarbeidet handlar om mykje meir enn akutt hjelp. Det kan også vere praktisk og menneskeleg støtte på staden, oppfølging av pårørande, sjukehus- og fengselsbesøk og hjelp til å arrangere minnestunder. Sjømannskirken tilbyr også kurs og kompetanseheving, mellom anna PIO-kurs (Pårørande – Informasjon – Omsorg) innan krisehandtering.
Alle dei frammøtte gjekk heim både litt gladare og litt klokare.

