Turen gjekk vidare til kyrkjegarden, der elevane såg på gravsteinar og undra seg over symbola som var hogne inn i steinane. Dei stilte mange gode spørsmål og viste stor interesse for det dei såg og høyrde. Fleire av elevane delte òg eigne erfaringar frå gravferder dei hadde vore med i, noko som gjorde samtalane både varme og lærerike.
Elevar på kyrkjebesøk
Tredje klasse ved Rong skule besøkte Blomvåg kyrkje 19. mai. Her fekk elevane lære meir om kva som skjer når det er gravferd. Utanfor kyrkja fekk dei høyre kvifor flagget blir heist på halv stong når nokon skal gravleggjast.
Publisert:
