Vi fekk bli betre kjend med kvarandre, både ungdommar og vaksne. (Visste du at alle 14-åringane i Sund heller vil ha taco enn pizza? At Marija organist kan spele «Ja, vi elsker» med beina? Eller at kyrkjelydspedagog Beate ein gong har vore fru skilpadde i Noas ark?)
I tillegg til å bli litt betre kjend med kvarandre, fekk ungdom og vaksne òg informasjon om konfirmantåret. Gjennom året skal alle konfirmantane vere med på ulike grupper og aktivitetar i kyrkja, og på samlinga fekk dei høyre om kva dei kan velje mellom.
Den siste delen av samlinga hadde eit litt anna fokus. Beate, som er kyrkjelydspedagog og konfirmantsjef, snakka om kva stemmene rundt oss fortel oss om kven vi er, og at kyrkja ønskja å vere ei god stemme inn i liva på konfirmantane. Ei stemme som repeterer dei orda som Gud seier til oss i Bibelen: Du er skapt uendeleg verdifull og Gud elskar deg. Så fekk konfirmantane skrive namna sine på hjarte som skal henge framme i kyrkjene heile året. Som ei oppfordring til heile kyrkjelyden om å vere med og be for konfirmantane.



