Barne – og ungdomsarbeid
Ei gåve til barne- og ungdomsarbeidet vil vere ei gåve til at stadig fleire born og unge skal få lære Jesus å kjenne og finne ein heim i kyrkja.
I Sund sokn samlast mange barn og unge – frå dei er babyar til dei er ungdomar. Babysong er det både i Sund kyrkje og i Kausland kyrkje. Det er to barnekor i soknet, Stjernekoret for dei minste og Betweenskoret for dei som er litt større. Dei øver i Sund kyrkje annankvar tysdag. Myldredagane vekslar mellom Kyrkjekjellaren og Kausland kyrkjelydshus. Her kan heile familien møtast. Betweensklubben held til i Kyrkjekjellaren og er for born frå 4. klasse og oppover. Ungdomsklubben Boost har akkurat no teke ein pause, men til hausten oppstår han kanskje igjen – eller det blir eit anna tilbod.
Vil du støtte arbeidet vårt slik at vi kan utvikle det vidare?
Sjå under for dokument om manuell gjevarteneste.