Kommunal markering 22. juli
I år er det 10 år sidan terrorangrepet mot Regjeringskvartalet og sommarleiren til AUF på Utøya. Sula kommune ynskjer å minne og heidre ofre og pårørande, og inviterer til minnemarkering ved Indre Sula kyrkje.
Kyrkjeklokkene over heile landet ringer kl 12:00.
Lokalt program for Sula kommune frå kl. 17:00
Opning av seremoni. Tale ved ordførar. Kransenedlegging
Musikkinnslag: Liv-Sissel Lumapas Remø og Geir Harald Eikrem.
Statsforvaltaren. Minneord. Kransenedlegging
Fagforbundet. Minneord. Kransenedlegging.
Ev. andre som vil seie noko.
Musikkinnslag: Liv-Sissel Lumapas Remø og Geir Harald Eikrem.
Markeringa blir avslutta ved bauta.
I etterkant av markeringa er det open kyrkje med kyrkjekaffi.