Velkomen til open kyrkje
Laurdag 31.10 frå kl. 12-14 i Langevåg kyrkje
Laurdag 31.10 frå kl. 15-18 i Indre Sula kyrkje
Søndag 01.11 frå kl. 16-18 i Langevåg kyrkje
Kyrkjerommet har rom for heile livet.
Rom for bøn.
Rom for håp.
Rom sakn.
Rom for å minnast.
Rom for sorg.
Her kan ein komme og bare være. Be ei bøn, tenne eit lys for å minnast, sakne, håpe, le, og sørge. Vi har alle mista nokon vi er glade i, og i år er fleire redde for sjukdom på eigne eller andre sine vegne, og mange har nok følt seg einsame og kan sakne meir menneskeleg kontakt.
Vi vonar at tilbodet om opne kyrkjer denne helga kan bli ein god møtestad for dei som ynskjer.
Velkomen!
Smittevern - alle besøkande må skrive seg i namneprotokoll i høve smittesporing. Denne lista blir sletta etter ti dagar. Følg elles anvisningar og råd i kyrkjene i høve smittevern. Hald avstand.
Nettkyrkja
Nettkirken.no er alltid open. Der kan ein snakke med prestar om små og store spørsmål, gleder og bekymringar i livet. Også denne helga vil prestar og diakonar vere tilgjengeleg for chat.